Gå til hovedtekst

Norsk evalueringsforening (NEF) - ein pådrivar for kunnskapsbasert utvikling i Norge

Norsk evalueringsforening (NEF) er eit organ for alle som er interessert i, eller jobbar med evaluering i Norge. Norsk evalueringsforening, som vart stifta i 2000, ynskjer å vere ein pådrivar for styrka evalueringsmetode og praksis. Visjonen er «Evaluering for kunnskapsbasert utvikling».

I år vil foreininga starte opp ein møteserie i Oslo der det vert sett fokus på ulike tema på evalueringsfeltet. Det er medlemmane som vil stå ansvarleg for innhaldet i møta og invitasjonen vert sendt ut breitt. Det fyrste møtet vil være om evaluering av lover. Foreininga vil vidare introdusere ein evalueringspris. Evalueringsprisen kan tildelast for god planlegging, gjennomføring og/eller oppfølging og bruk av ei evaluering. Prisen vert såleis knytt til ei bestemt evaluering. Endelege retningslinjer for prisen er nå under utarbeiding. Prisen vil bli delt ut på årets Evalueringskonferanse som vert halden i Bergen 18. og 19. september. Ut over dette lanserer foreininga snart nye heimesider og eit elektronisk nyheitsbrev. Foreininga er alt aktiv både på Twitter,@evaforening, og på LinkedIn.

På sikt ynskjer foreininga å bidra til å sette gode evalueringsstandarder både for bestillar og utførar av evalueringer. På NEF si heimeside finn du mellom anna lenkjer til tolv evalueringsforeiningar, som den svenske, danske, europeiske og amerikanske. NEF samarbeider også med EVA-forum, som er nettverket for evaluering i staten.

Styret i Norsk evalueringsforening består av:

  • Harald Furre, Oxford Research (styreleiar, bilde)
  • Benedicte Acre, Kommunal- og moderniseringsdepartementet (nestleiar)
  • Siv J. Lillestøl, Norad
  • John-Olav Sæter, Direktoratet for økonomistyring
  • Nina Jentoft, Agderforskning
  • Toril Ringholm, NORUT
  • Anna Ølnes, Revisjon Midt-Norge IKS
  • Tina Søreide, CMI
  • Steinar Johansen, NIBR
  • Sigmund Nordhus, Riksrevisjonen
  • Gro Holst Volden, Sintef/NTNU
  • Asbjørn Johannesen, Høgskolen i Oslo og Akershus

 

Her er lenkje til foreininga si heimeside der du kan finne meir informasjon: http://norskevalueringsforening.no

Direktoratet for økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | E-post: evaluering@dfo.no | Personvernerklæring (Privacy policy)