Gå til hovedtekst

evalueringsrapport

Dei administrative funksjonane i Kredittilsynet : ei benchmarking med Konkurransetilsynet, Norad, NVE og SFT

Rapporten tilhører rapportseriene Rapport.

Etter initiativ frå Kredittilsynet er det gjort ei samanlikning (benchmarking) av dei administrative funksjonane i Kredittilsynet med fire andre statlege verksemder. Dei administrative funksjonane er grupperte i plan, økonomi og innkjøp, personalforvaltning, arkiv og bibliotek, IKT og servicetenester. Samanlikninga gjeld mellom anna organisering, kapasitet, kompetanse, effektivitet og brukartilfredsheit. Kredittilsynet var særleg oppteke av korleis den interne kommunikasjonen og koordineringa fungerte. For kvart kapittel er det gjort ein analyse som viser likskapar og forskjellar mellom dei verksemdene som er samanlikna. I den samla analysen er det gitt ei vurdering av det langsiktige behovet Kredittilsynet har for administrative tenester. Rapporten peiker på utviklingsoppgåver som bør få større merksemd, og han peiker på at roller og forventningar innanfor enkelte administrative funksjonar bør avklarast.

Last ned dokumenter

  1. Evalueringsrapporten (pdf, 273.4KB)

Gi tilbakemelding

Ser du en feil i de registrerte dataene? Hjelp oss forbedre metadatakvaliteten gjennom å sende oss en epost med informasjon om hva som er galt

DATE2011-01-26 11:23:27.938180
MODIFIED 2018-01-26 10:00:48.968849+00:00
CREATED 2011-01-26 11:23:27.938180
Direktoratet for økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | E-post: evaluering@dfo.no | Personvernerklæring (Privacy policy)