Gå til hovedtekst

evalueringsrapport

Evaluering av norsk utviklingssamarbeid : årsrapport

Utdelinga av pengar til mødre får fleire barn på skule, og fattige familiar kjem seg raskare på fote etter naturkatastrofar når dei får tilgang på kontantar. Kontantstøtte er ei lovande ny bistandsform. Det er ein av konklusjonane i den årlege rapporten som Evalueringsavdelinga i Norad legg fram, basert på siste års evalueringsrapportar.

Årsrapporten oppsummerer også lærdommar får evaluering av bistanden i dei fem åra.

Nokre funn synest å gå att i evalueringane: Kunnskap om lokale maktforhold og strukturar i samarbeidslanda er svært viktig. Vi veit ikkje nok om dei samfunna vi arbeider i. I Sør-Sudan og Vest-Balkan ville resultata truleg vore betre om ein hadde slik innsikt. På den andre sida er demokratibistand gjennom FN i Malawi og Guatemala eksempel på at ein har lykkast når ein brukar slik kunnskap.

Rapportane frå det siste året bekreftar det som er blitt ein gjengangar i evalueringsfunn: Langsiktig arbeid og kontinuitet er nødvendig for å sikre varige resultat. Rapportar frå Vest-Balkan og Uganda, rapportar som handlar om bistand til parlament og til å bekjempe menneskehandel, viser alle same.

Årsrapporten tenner også eit varsellys. Det er behov for eit sterkt fagleg nærver i landa vi samarbeider med. Norge har mykje å bidra med – både sektorfagleg og utviklingspolitisk – i samarbeid og dialog med multilaterale organisasjonar i dei enkelte landa. Eit svakare nærvere kan svekkje den profesjonaliteten og fleksibiliteten som Norge er kjent for i mange land.

Last ned dokumenter

  1. Evalueringsrapporten (pdf, 2.8MB)
  2. Norad_årsrapport_eng2010_web.pdf (pdf, 1.9MB)

Gi tilbakemelding

Ser du en feil i de registrerte dataene? Hjelp oss forbedre metadatakvaliteten gjennom å sende oss en epost med informasjon om hva som er galt

DATE2013-03-27 11:00:58.174771
MODIFIED 2016-08-12 06:01:33.319060+00:00
CREATED 2013-03-27 11:00:58.174771
Direktoratet for økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | E-post: evaluering@dfo.no | Personvernerklæring (Privacy policy)