Last ned som PDF

16 sider

0.12 MB

Forsiden av dokumentet Frå politiske rettar til politisk makt

Evaluering

Frå politiske rettar til politisk makt

Det er gått 100 år sidan (1910-2010) kvinner fekk allmenn kommunal røysterett på linje med menn, og samstundes det same høve til å erobre kommunale verv, som folkevalde representantar. Lovvedtaket våren 1910 var ei viktig henging, ikkje berre i norsk kvinnehistorie, men i landets ålmenne politiske historie. Det skulle framleis gå tre år før kvinnene fekk dei same rettane som ved stortingsval. Røysterettsreforma fall såleis inn i eit større mønster. Også ved mange andre krossvegar har viktige demokratiske og sosiale nyordningar blitt testa ut innanfor den kommunale sfæren fyrst, og deretter gjennomført i statlig samanheng. Kva innebar det eigentleg at kvinnene etter mange års kamp fekk dei same formelle rettane i det kommunale livet som mennene? Kan vi no, etter desse 100 åra, definitivt slå fast at kvinner og menn stiller likt som kommunale medborgarar? Forfattarane beskriv ei utvikling fram til i dag, 100 år etter den formelle jamstellinga, og peikar på at vi et stykke att før kvinner stiller likt med menn som kommunale medborgarar.

Publisert

Eier

Kommunal- og distriktsdepartementet

Utgiver

Kommunal- og regionaldepartementet

Utfører

Norce Norwegian Research Centre As

Forfattere

Yngve Flo og Jacob Aars

Språk

norsk (nynorsk)