Last ned som PDF

32 sider

0.44 MB

Forsiden av dokumentet Helseverknader av auka sykkeltrafikk i nokre utvalte norske småbyar

Evaluering

Helseverknader av auka sykkeltrafikk i nokre utvalte norske småbyar

Føremålet for prosjektet har vore å berekne helseverknadene av auken i sykkelbruk frå 2006 til 2010, for kvar av byane som deltok i sykkelbyundersøkinga i 2006 og oppfølgingsundersøkinga i 2010 (Kongsberg, Sandefjord, Notodden, Grimstad og Mandal). Det har òg vore inkludert ein kontrollby, nemleg Larvik. Helseverknadene er berekna i kroner basert på eksisterande offisiell verdsetting av positive helseeffektar av fysisk aktiv transport, gjeve i Handbok 140 frå Statens vegvesen, 2006. Da auken i sykkelbruken (luten som sykla, talet på turar, og kilometer per tur) frå 2006 til 2010 ikkje er funne å vera større i sykkelbyane enn i kontrollbyen, så kan ein ikkje utan vidare tilordne den verdsette helseverknaden til ein nytteeffekt av sykkelbyprosjektet, som kunne samanhaldast med kostnadene for sykkelbyprosjektet.

Publisert

Eier

Statens vegvesen

Utfører

Transportøkonomisk institutt

Forfatter

Knut Veisten

Språk

norsk (nynorsk)

ISBN

978-82-480-1169-9