Evaluering
Lokalt og regionalt folkehelsearbeid 2007-2010 oversyn over resultat frå evalueringane av tiltaka Partnarskap for folkehelse, Helse i plan og Kommunehelseprofilar
Denne oppsummeringsrapporten baserer seg på ei følgjeevaluering av dei tre folkehelsetiltaka Partnarskap for folkehelse, Helse i plan og Kommunehelseprofilar. Evalueringa er utført av Møreforsking Volda og NIBR (Norsk institutt for by‐ og regionforskning) på oppdrag frå Helsedirektoratet. Evalueringa har bestått av følgjande delar og undervegsrapporteringar: • Lokalt folkehelsearbeid. Underveisevaluering av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse (Hofstad, H. , & Vestby, G. ‐M. : 2009). • Kommunehelseprofiler. Kommunenens bruk av Helsedirektoratets nettsted (Helgesen, M. K. , Hofstad, H. , & Vestby, G. ‐M. : 2008). • Partnarskap for folkehelse og Helse i plan. Undervegsrapport (Bergem, R. , Ouff, S. M. , Aarflot, U. , & Hanche‐Dalseth, M. : 2009). • Helse i plan og Partnerskap for folkehelse. Sluttrapport. (Ouff mfl 2010)Føremålet med denne samanfatninga er å gi lesaren ei innføring i kva dei ulike tiltaka går ut på, korleis dei er organiserte, opplevde effektar av tiltaka og kva sentrale aktørar vurderer som viktige faktorar for at ordningane skal fungere best mogleg framover.
Publisert
Eier
Helsedirektoratet
Utførere
Høgskulen i Volda og Møreforskning AS
Forfattere
Randi Bergem, Susanne Moen Ouff, Unni Aarflot, Marte Hanche‐Dalseth, Guri‐Mette Vestby, Hege Hofstad og Marit Kristine Helgesen
Språk
norsk (nynorsk)
ISBN
978-82-7692-303-2