Last ned som PDF

102 sider

0.44 MB

Forsiden av dokumentet Løysingsfokusert samtaleteknikk (LØFT) i fritidsklubber

Evaluering

Løysingsfokusert samtaleteknikk (LØFT) i fritidsklubber rapport frå eit forprosjekt om fritidsklubbar og rusforebygging

Bakgrunnen for prosjektet som blir presentert i denne rapporten har vore spørsmålet om korleis ein kan styrke og synleggjere det rusførebyggande arbeidet i fritidsklubbar. To fritidsklubbar har vore involvert i prosjektet som har status som forprosjekt. Desse to klubbane blei følgd gjennom eit tremånadars feltarbeid. Hovudmålsetjinga med forprosjektet har vore å følgje og analysere erfaringane med opplæring av dei tilsette i løysingsfokusert samtaleteknikk, LØFT, i ein av fritidsklubbane. Med denne metoden ønskte ein å medverke til å få ungdomar i klubb til å reflektere over og stille spørsmål rundt eiga rusåtferd. Eit sentralt bakteppe for diskusjonane rundt erfaringane med denne metoden er dei strukturelle rammene som dei to klubbane og dei tilsette i desse arbeider innanfor. Ein viktig konklusjon er at desse strukturelle rammene ser ut til å vere av stor tyding for korleis ein metode som LØFT kan brukast i fritidsklubbar, og at ein også bør undersøke nærare kva for sjølvstendig tyding desse rammene har for korleis ein gjennom klubb kan drive rusførebyggande arbeid.

Publisert

Eier

Helsedirektoratet

Utgiver

Helsedirektoratet

Utfører

OsloMet - storbyuniversitetet

Forfatter

Ingrid Smette

Språk

norsk (bokmål)