Last ned som PDF

140 sider

3.57 MB

Forsiden av dokumentet Norsk bistand til Syria-krisa 2016–2021

Riksrevisjonsrapport

Norsk bistand til Syria-krisa 2016–2021 Dokument 3:13 (2022−2023)

Utanriksdepartementet gjer ikkje nok systematiske vurderingar av resultat av bistanden til Syria-krisa. Det er viktig at departementet veit kva resultat ein oppnår med midlane. Då kan bistandsmidlane brukast mest mogleg effektivt. Humanitær bistand har vore eit satsingsområde for norske regjeringar over lang tid. I perioden 2016–2021 gjekk i underkant av 12 prosent av all norsk bistand til humanitær hjelp. Det overordna målet med den norske humanitære innsatsen er å bidra til at menneske i naud får nødvendig vern og hjelp i tråd med det humanitære imperativet og dei humanitære prinsippa humanitet, nøytralitet, upartisk framferd og sjølvstende, jf. Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles fremtid – bærekraftsmålene og norsk utviklingspolitikk. Målet med undersøkinga har vore å vurdere om Utanriksdepartementet sørgjer for at den norske bistanden til Syria-krisa er effektiv og i tråd med humanitære prinsipp. Undersøkinga omfattar bistand til Syria og nabolanda Jordan og Libanon. For Syria har undersøkinga lagt vekt på dei humanitære prinsippa, medan det for Jordan og Libanon har blitt undersøkt om bistanden er relevant og effektiv. Undersøkinga omfattar i all hovudsak perioden 2016–2021, men det er også henta inn data frå før og etter denne perioden. Rapporten var ferdig før jordskjelvet som ramma Tyrkia og Syria 6. februar 2023.

Publisert

Eier

Riksrevisjonen

Utfører

Riksrevisjonen

Språk

norsk

ISBN

9788282295642

Tema

Utenrikssaker

Virkemidler

tilsyn

Analysekriterier

kvalitet effektivitet