Gå til hovedtekst

evalueringsrapport

Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem

Rapporten tilhører rapportseriene Dokument.

Bakgrunn for undersøkinga: Stortinget vedtok 17. juni 1998 ein opptrappingsplan for psykisk helse. I opptrappingsplanen vart det lagt til grunn at om lag 0,75 prosent av den vaksne befolkninga blir ramma av alvorlege psykiske lidingar, og at mindre alvorlege lidingar rammar 0,25 prosent. Seinare har ein kome til at desse estimata er for låge. Opptrappingsplanen gjaldt opphavleg for perioden 1999–2006. Det vart seinare vedteke at planen skulle utvidast med to år til 2008. Skilnader i kapasiteten og i prioriteringa av pasientane er forhold som kan føre til at målet om geografisk likeverdige tenester ikkje blir innfridd. Riksrevisjonen undersøkte korleis prioriteringsforskrifta vart praktisert, som ledd i selskapskontrollen for 2005. Undersøkinga viste store skilnader mellom helseføretak og mellom helseregionar når det gjaldt prosentdelen av rettspasientar. Riksrevisjonen har også undersøkt kvaliteten på dei fylkeskommunale planane for utbygginga av distriktspsykiatriske senter (DPS) og departementet si behandling av desse sentra. Undersøkinga viste mellom anna at behovsvurderingane i utbyggingsplanane ikkje var gode nok. Det vart også stilt spørsmål ved om departementet har gode nok rapporteringsdata når resultata av opptrappingsplanen skal vurderast.

Last ned dokumenter

  1. Evalueringsrapporten (pdf, 2.1MB)

Gi tilbakemelding

Ser du en feil i de registrerte dataene? Hjelp oss forbedre metadatakvaliteten gjennom å sende oss en epost med informasjon om hva som er galt

DATE2011-05-10 10:08:31.536478
MODIFIED 2016-11-28 10:00:31.984772+00:00
CREATED 2011-05-10 10:08:31.536478
Direktoratet for økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | E-post: evaluering@dfo.no | Personvernerklæring (Privacy policy)