Gå til hovedtekst

evalueringsrapport

Rom for en situasjonistisk kunst : evaluering av Rom for kunst-programmet med vekt på noen utvalgte prosjekter

Rapporten tilhører rapportseriene Rapport.

Norsk kulturråds treårige satsing ”Rom for kunst” er evaluert og utkome i Kulturrådet si rapportserie. Kulturrådets treårige satsing ”Rom for kunst” (2000–2002) hadde som mål å komme behova innanfor nyskapande og eksperimenterande samtidskunst til møtes ved å støtte etableringar og oppgradering av visings- og produksjonsarenaer. Programmet har særleg vore mynta på prosjektbasert kunst utanfor dei etablerte kunstinstitusjonane.

”Rom for kunst” er evaluert av førsteamanuensis Knut Ove Arntzen ved Universitetet i Bergen. Evalueringa tek utgangspunkt i eit utval sentrale prosjekt som har motteke støtte frå programmet, og vurderer kva for resultat Kulturrådets tilskot har ført til. Arntzen har særleg fokusert på satsinga i tilknyting til den kunstfaglege verksemda ved Bergen Art Festival, Oslo Kunsthall, Nettverk for scenekunst, Galleri Trans-art i Trondheim og Kulturbanken Hedmark Kunstsenter.

Blant konklusjonane i evalueringsrapporten Rom for en situasjonistisk kunst, er at satsinga har fremja ei arenautvikling som er eit svar på den auka vektlegginga av mobilitet og fleksibilitet innanfor kunstområda. Dette har medverka til å bringe den norske samtidskunsten i nærmare kontakt med europeiske og globale utviklingstendensar. Arntzen understrekar at dei tiltaka som bygde vidare på allereie etablerte prosjektplattformer og arenaer, fekk meir ut av tilskota frå ”Rom for kunst” enn dei som starta verksemd og/eller arenabygging.

Frå og med 2003 er satsinga vidareført innanfor Norsk kulturråds avsetning for kulturbygg.

Last ned dokumenter

  1. Evalueringsrapporten (pdf, 549.2KB)

Gi tilbakemelding

Ser du en feil i de registrerte dataene? Hjelp oss forbedre metadatakvaliteten gjennom å sende oss en epost med informasjon om hva som er galt

DATE2012-01-29 20:39:28.190702
MODIFIED 2016-08-12 06:01:30.019686+00:00
CREATED 2012-01-29 20:39:28.190702
Direktoratet for økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | E-post: evaluering@dfo.no | Personvernerklæring (Privacy policy)