Last ned som PDF

46 sider

0.68 MB

Forsiden av dokumentet Statlege selskap og føretak med sektorpolitiske mål

Evaluering

Statlege selskap og føretak med sektorpolitiske mål ei kartlegging av styringshøve og faktisk bruk av verkemiddel

Føremålet med kartlegginga har vore å skaffe fram kunnskap om korleis staten styrer heileigde selskap og føretak med sektorpolitiske oppgåver. Kartlegginga famner om i alt tretti selskap og føretak. Desse dekkjer ulike sektorar og samfunnsområde, og det er stor variasjon mellom dei når det gjeld mål og oppgåver, størrelse og kompleksitet, og graden av kommersiell drift og konkurranse i dei marknadane dei opererer i. Eigarskapen er delt mellom ulike departement. Kartlegginga syner at staten har ei rekkje verkemiddel til sin disposisjon, og at desse verkemidla vert brukt i ulike kombinasjonar i styringa av dei aktuelle selskapa og føretaka. Tett kopling mellom bruken av dei ulike styringsverkemidla gjer det vanskeleg å peike ut eitt eller fleire verkemiddel som det eller dei viktigaste. Selskapslovgjevinga og anna relevant regulering fastset i stor grad kva for verkemiddel ein skal eller kan nytta i styringa av kvart enkelt, konkret tilfelle. Sektordepartementa har samstundes eit monaleg handlingsrom til å forme ut bruken av relevante verkemiddel.

Publisert

Eier

Nærings- og fiskeridepartementet

Utgiver

Nærings- og handelsdepartementet

Utfører

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

Forfattere

Sidsel Søvik og Sissel Vemundvik

Språk

norsk (nynorsk)

Kilde

dfo.no