Last ned som PDF

54 sider

0.19 MB

Forsiden av dokumentet Systematikk og innleving

Evaluering

Systematikk og innleving evaluering av forsøket med differensierte støttesatsar for VTA-bedrifter

Varig tilrettelagt arbeid er eit tilbod for personar som ikkje kan få arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden. Tiltaket er retta mot personar som har, eller i nær framtid vil få, godkjent uførepensjon, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging i arbeidssituasjonen. Tiltaket er eit varig tilrettelagt arbeidstilbod til arbeidstakaren. At det er varig vil seie at arbeidskontrakten ikkje er tidsavgrensa. Det er likevel ikkje slik at individuelle behov og grunnlag for utvikling hos arbeidstakaren skal nedprioriterast. Arbeidet skal vere variert og tilpassa yteevna til kvar enkelt, og han eller ho skal få den opplæringa og rettleiinga som trengst for å kunne utføre arbeidsoppgåvene. Arbeidet skal medverke til å utvikle ressursar hos deltakarane gjennom kvalifisering og tilrettelagde oppgåver. Det er eit mål å legge til rette for at arbeidstakaren opplever meistring. Aetat Arbeidsdirektoratet gjennomførte fram til utgangen av februar 2005 eit forsøk med differensiert driftsstøtte til tiltaksarrangørar av Varig tilrettelagt arbeid (VTA). På bakgrunn av søknader er 11 bedrifter med i forsøket. Dette er sluttrapporten frå evalueringa av forsøket.

Publisert

Eier

NAV Arbeids- og velferdsetaten

Utgiver

NAV Arbeids- og velferdsetaten

Utførere

Møreforskning AS og Høgskulen i Volda

Forfattere

Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

82-7692-243-0