Last ned som PDF

15 sider

0.55 MB

Forsiden av dokumentet Tilflytting til småstader og distrikt

Evaluering

Tilflytting til småstader og distrikt kva tiltak verkar? Ein kunnskapsstudie av utviklingsrelevante norske bidrag frå perioden 1999-2009

Dette arbeidet er ein kunnskapsstudie vedrørande temaet tilflytting, då med vekt på norsk litteratur og funn frå perioden 1999 – 2009 som er relevante for lokale og regionale samfunnsutviklingstiltak. Studien viser at tilflytting til bygd/distrikt i liten grad er utvikla som eige tema i forskingslitteraturen, og enno mindre operasjonalisert i høve til det å tilrå aktuelle tiltak. Rapporten er difor ein første og avgrensa freistnad på å visa korleis ei slik operasjonalisering eventuelt kan utformast. Hovudargumentet er at fokuset må flyttast frå det generelle og overordna spørsmålet om tilflytting til by versus land, og heller fokusera på kva som kan gjerast for å trekkja fleire menneske til denne konkrete staden. Aktivitetar og tiltak må definerast utifrå stadleg særpreg og lokale menneskelege interesser og ressursar. Tilflytting som tema vil då både kunna definerast og operasjonaliserast og ein vil og ha langt større høve til å lukkast med tiltak.

Publisert

Eier

Distriktssenteret

Utførere

Nordlandsforskning og Høgskolen i Innlandet

Forfattere

Dag Jørund Lønning og Håvard Teigen

Språk

norsk (nynorsk)